Hopp til hovedinnhold

Norsk hotellhøgskole

NHS utdannar studentar innan hotelleiing og reiselivsleiing på bachelor-, master- og doktorgradsnivå, og er i front på forsking knytt til servicenæringa og hotell- og reiselivsbransjen.

Publisert: Endret:
Fakta
Tilsette

30

Instituttleiar

Morten Heide

Stipendiatar

5

Studentar

470

Kontakt oss

51 83 37 00 Facebook

Korleis vil reiselivsbransjen utvikla seg?

Om instituttet

Hotell- og reiselivsnæringa er ein av dei hurtigst veksande næringane i verda, og eitt av hovudområda som Noreg skal livnæra seg av den dagen olja tar slutt. Då trengst det kompetanse innan vertskapsleiing, opplevingsproduksjon og reisemålsutvikling, i tillegg til tradisjonell kunnskap innan service, marknadsføring, økonomi og leiing.

NHS er verdas nest eldste hotell- og reiselivsutdanning, og har sidan 1912 utdanna hotelleiarar og andre leiarar innan reiseliv og servicesektoren.

Her kan du lesa om då Norsk hotellhøgskole vart 100 år.

Instituttet har i dag eit av Europas største forskingsmiljø innan dette fagområdet, og tenker stadig framover. Forskinga er særleg knytt til satsingane på turistars opplevingar og reiselivsleiing, og serviceopplevingar og gjestfrihet.

Kontakt oss:

NHS held til i Ellen og Axel Lunds hus på campus Ullandhaug. Instituttleiar er Morten Heide, og kontorsjef er Tone Olsen. Telefon: 51 83 37 00

Nyheter frå instituttet

Stipendipraten: Forsker på euforiske opplevelser

Stipendiat Veronica Isabel Blumenthal enser ingenting rundt seg når hun er på konsert eller hører på LP-plater. Nå prøve...

Stipendipraten: Lar seg begeistre av naturopplevelser, reising og statistikk

Da Lukasz Derdowski forelsket seg i norsk natur og kultur, tok han med seg kona og flyttet fra Polen til Norge. Banker d...

Bør vi velge hotell- og reiselivsstudier når verden endrer seg?

Vi på Norsk hotellhøgskole (NHS) får mange henvendelser som gjelder våre studier og jobbmuligheter etter endt utdanning....

Kickstarta studia

– De har valt rett. Vi treng dykk, var meldinga til nye NHS-studentar då dei møtte bransjen, og potensielle framtidige a...

Ny podkast om reise

Veronica Blumenthal og Sten Hansson er hekta på reise, og vil inspirere flere til å reise andre steder enn de typiske ch...

Hjelper studenter å fullføre

Tidligere studenter ved Norsk hotellhøgskole som mangler studiepoeng, kan få individuelt opplegg for å fullføre bachelor...

Tilstandsrapport: Hvordan går det på hjemmekontoret?

I drøye fem uker har hjemmekontor, digital undervisning og Teams-møter vært en del av hverdagen. Her deler tre SV-ansatt...

Fra Addis Abeba til Ullandhaug: Morten Heide blir ny instituttleder ved NHS

Med en god dose internasjonal erfaring i bagasjen, fra en yrkeskarriere i både den akademiske og ikke-akademiske verden,...

Studietilbod

Norsk hotellhøgskole (NHS) har utdanna leiarar innanfor hotell, reiseliv og servicesektoren sidan 1912.

Utdanningane ved NHS gir deg kunnskap om vertskap, hotelldrift, opplevings- eller reisemålsutvikling, i tillegg til service, marknadsføring, juss, økonomi og leiing.

Forsking

Norsk hotellhøgskole har forsking innan leiing, servicenæringa og hotell- og reiselivsbransjen.

ForskArgruppe

Korleis skaper vi inkluderande arbeidsliv i hotell- og reiselivsindustrien?

Deltidsstillingar, mellombelse arbeidskontraktar og jobbar som krev lite formell utdanning eller språkkompetanse, fører til utfordringar for inkludering og integrering i hotell- og reiselivsindustrien.

Kjenneteikn ved hotell- og reiselivsindustrien er kulturelt mangfald med tilsette frå mange ulike nasjonalitetar. I tillegg er det ein overrepresentasjon av kvinnelege og yngre arbeidstakarar i bransjen. Mange er tilsette i deltidsstillingar, med mellombelse arbeidskontraktar og jobbar som i liten grad krev formell utdanning eller språkkompetanse.

Alt dette bidrar til å skapa komplekse utfordringar for inkludering og integrering i arbeidslivet. Gruppa forskar på inkluderande arbeidslivsprosessar innan hotell og reiseliv, og søker i tillegg kunnskap og læring frå andre tilknytta område.

Forutan forskarar frå Norsk hotellhøgskole, består gruppa av forskarar frå Sverige, Skottland og Australia. Dette gir spennande moglegheiter for å samanlikna inkluderande arbeidslivsprosessar og kulturelt mangfald i fleire land. Forskinga skal bidra til utfyllande kunnskap om framtidige utfordringar knytta til mangfald og inkludering i arbeidslivet innan den globale hotell- og reiselivsindustrien.

Forskargruppeleiar er førsteamanuensis Tone Therese Linge.

Les meir her: Hvordan skaper vi inkluderende arbeidsliv i hotell- og reiselivsindustrien?

Prosjekt

Kva et heimebuande eldre?

Mange eldre må på sjukeheim på grunn av underernæring. Eit blikk inn i kjøleskapet fortel kvifor – og kan seia noko om løysinga.

Prosjektet "Kjøleskapsfortellinger, mat for morgendagens eldre" handlar om eldre som bur heime og kva dei et utanom dei faste middagsleveringane. Målet har vore å utvikla metodar for å avdekka behov og ønsker for mat og måltidsløysingar som inngår i ei heimlevering til heimebuande eldre.

Leiar for prosjektet var Kai Victor Hansen, i samarbeid med Nina Innvær Jæger fra Skipper Worse. Prosjektet vart avslutta 2018.

Prosjekt

Korleis kan ein måla måltidsopplevingar?

Ved å scanne ein QR-kode kan kundar gi rask tilbakemelding på korleis dei opplever maten og drikken medan erfaringa er fersk.

Prosjektet "Digitale verktøy for forbedrede måltidsopplevelser" handlar om å utvikla måleinstrument for måltidsopplevingar. Appen Foodback har blitt testa på kantiner, cruisebåtar, restaurantar og blant take away-kunder får å kartlegge tidspunkt for når det er naturleg for klientell å gi tilbakemelding, samt hva kundane set pris på i ulike situasjonar. Målet for prosjektet har vore å skaffa forskingsgrunnlag for såkalla "table-tents" med QR-kode for direkte tilbakemelding frå kundar i hotell-, restaurant-, kantine- og serveringsverksemder.

Leiar for prosjektet var Kai Victor Hansen, i samarbeid med Daniel Chaibi frå Foodback AS og Birgitte Melvær Wiig frå VRI Rogaland. Prosjektperioden var 2014-2020.

Instituttleiinga

51831367
Norsk hotellhøgskole
Instituttleder
51833703
Administrasjon NHS
Kontorsjef

Instituttadministrasjonen

51833756
Administrasjon NHS
seniorkonsulent
51832412
Administrasjon NHS
Rådgiver
51832809
Administrasjon NHS
Konsulent

Instituttrådet

Instituttrådet gir instituttleiar råd i følgande saker:

  • Strategiske planar på instituttets fagområde
  • Studietilbod ved instituttet
  • Område for satsingar på forskning, innovasjon og formidling
  • Instituttrådet skal også høyrast i ad hoc-saker som har strategisk betydning for instituttet.

Fakultetsstyret oppnemner eksterne rådsmedlemer etter forslag fra instituttråda, og dei velger sjølv leiar.

Medlemmer i instituttrådet ved NHS

Leiar: Tarje Hellebust (ekstern representant)

Vitskapleg tilsette: Olga Gjerald, Einar Marnburg, Trude Furunes

Teknisk-administrativt tilsette: Jeanette Goa    

Studentrepresentantar: Silje Karin Teig, Maria Backman

Nyttige lenker