Sjå kva dei nye doktorane ved UiS har forska på og funne ut

Pustehjelp og gjenoppliving av nyfødde, solceller i tak og vegger som straumkilde, sosial bakgrunn og lesing, omsorgsovertaking i barnevernet og Skandinavias første hydrogendrone er blant det dei nye doktorane ved UiS har forska på og funne fram til.

Published Sist oppdatert

Nye doktorer på årsfesten 2022
Lukkelege nye doktorar. (Foto: Kristin Horne, UiS)

Ved ein høgtideleg seremoni under markeringa av UiS sin 18-årsdag 28. oktober fekk dei 61 kandidatane som har disputert sidan siste årsfest vitnemåla sine.

Feiringa markerte elles at det var 18 år sidan Noreg fekk sitt femte universitet. Det skjedde 29. oktober 2004 då det blei vedteke i statsråd at det som då var Høgskulen i Stavanger skulle få universitetsstatus og bli Universitetet i Stavanger.

Barnevern, sosialt arbeid og tilhøve på arbeidsplassen

Ti av doktorane var frå Det samfunnsvitskaplege fakultet: Tillit og tryggleik i sosialt arbeid (Håvard Haugstvedt), Standardiserte metodar i barnevernet (Marina Snipsøyr Sletten), NAV-klientar med innvandrarbakgrunn (Maria Gussgard Volckmar-Eeg), Norsk-somaliarar og barnevernet (Ayan Handulle), Akutte barnevernssaker i Noreg og Tyskland (Arve Lerum), Samarbeid mellom kommunar (Hans Erik Haugvaldstad), Uhøflegheit på arbeidsplassen (Boshra Hejraty Namin), Omsorgsovertaking i barnevernet (Marte Tonning Otterlei), Moglegheiter for unge vaksne i NAV (Gurli Olsen) og Rådgivingstilbodet i skulen (Ida Holth Mathiesen).  

Sjølvmordsrisiko og psykosesymptomar og pasienttryggleik

Ein ny doktor var frå Arkeologisk museum: Møtet mellom musemstilsette og publikum (Lise Johnsen).

Fire av doktorane var frå Handelshøgskulen ved UiS: Verkemidler for gründerar (Murshid M. Ali), Overgangar mellom utdanningsstadium (Andreas Østbø Fidjeland), Kjønn, risiko og leiing (Nur Yaldiz) og Ferdigheitsutvikling hos barn (Maximiliaan Willem Pierre Thijssen).

11 nye doktorar var frå Det helsevitskaplege fakultet: Gjenoppliving av nyfødde (Estomih Raphael Mduma), Pustehjelp til nyfødde (Kari Holte), Bekkensmerter ved graviditet (Stefan Malmqvist), Eldre og telehelse (Torunn Beate Johannessen), Kvalitet og tryggleik i kommunehelsetenesta (Terese Johannessen), Medbestemming for unge psykisk sjuke (Stig Bjønness), Interaksjon mellom blodceller (Daniel Limi Cacic), Alkoholproblem og sjukefråvær (Neda S. Hashemi), Diagnostisering av prostatakreft (Álvaro Fernández Quílez), Pasienttryggleik i sjukehus (Oddveig Reiersdal Aaberg) og Sjølvmordsrisiko og psykosesymptomar (Kristin Jørstad Fredriksen).

Kreftbehandling, miljøvenleg betong og vindrørsler

24 kandidatar var frå Det teknisk-naturvitskaplege fakultet: CO2-metanering (Huong Lan Huynh), Betongstrukturar og påkjenningar (Chavin Naotunna), Solceller i tak og vegger som strømkilde (Hassan Gholami), Skandinavias første hydrogendrone (Jørgen Apeland), Metabolsk kreftbehandling (Abdelnour Alhourani), Bremsing av enzymer som kan gi sjukdom som kreft og diabetes  (Marianne Bore Haarr), Skipstryggleik i polarområda (Espen Engtrø), Diagnostisering av blærekreft(Rune Wetteland), Glukose-metabolisme og effekten på kreftmedisin (Tia Renee Tidwell), Diagnostisering av blærekreft (Vebjørn Kvikstad), Vindrørsler og brukonstruksjonar (Nicolò Daniotti), Vedlikehald av transportsystem for olje og gass (Helge Nordal), Raskare nedbryting av antibiotika og kjemikaliar (Vebjørn Eikemo), Meir miljøvennleg betongproduksjon (Mohammadreza Kamali), Verktøy for analyse av akvakulturar (Hui Cheng), Matematisk strukturmodellering  (Stian Penev Ramsnes), Behandling av avlaupsvatn (Anissa Sukma Safitri), Frivillige organisasjonar i redningsteneste og beredskapsarbeid (Tora Aasland), Metoder for økt oljeutvinning  (Micheal Babatunde Oguntola), Verktøy for straumstyring i smarte nett (Rituka Jaiswal), Omformar som gir energi av havvatn (Marek Jan Janocha), Materialfysikk (Abhijit Bhat Kademane), Vedlikehald av aldrande strukturar (Fredrik Bjørheim) og Behandling av malaria (Katja Håheim).

Emosjonelle ferdigheiter og kvifor vgs elever tenkjer på å slutte

Åtte av dei nye doktorane var frå Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora. Dei har forska på Sosial bakgrunn og lesing (Olaug Strand), Fordommar i læremidlar (Cecilie Waallann Brown),  Ferdigheiter i barnehagen og lesing og rekning i femte klasse (Ragnhild Lenes), Folkehøgskulane og kristeleg nasjonalisme (Morten Øveraas), Korleis sjuandeklassingar kan bli betre i engelsk (Anders Otterbech Jølbo Myrset), Korleis vgs-elevar bør skrive i engelskfaget (James Jacob Thomson), Korleis vaksne kan lære norsk raskare (Gølin Kaurin Nilsen), Korleis lærarar kan støtte elevane  (Maren Stahl Lerang), Kvifor vgs-elevar tenkjer på å slutte (Maren Stabel Tvedt), Sosiale og emosjonelle ferdigheiter og trivsel hos elevar (Lene Vestad) og Samtalar mellom lærarar (Anne Mette Færøyvik Karlsen).

Takk frå doktorane

Maximiliaan Willem Pierre Thijssen heldt takketale på vegne av dei nye doktorane. Han ga tilhøyrarane eit innblikk i tankane mange har på vegen mot disputasen. «Kva om eg ikkje lukkast?», «Er teorien min for søkt?», «Kva om han ikkje held?», «Er ein doktorgrad kan hende for vanskeleg for meg?».

– Men – så viste det seg at me greide det likevel! Me meistra utfordringane! Me vant over kjensla av å vere usikre. Takka vere oss sjølve og vår eiga styrke og vilje – men ikkje minst takka vere folka som har hjulpe oss på vegen og som har forma oss til dei personane me har blitt gjennom desse åra, både sosialt og akademisk, sa Thiessen som ga sine meddoktorar eit ord frå den romerske politikaren Cicero sin  «Om pliktane» med på vegen:

–  «Me er ikkje født berre for oss sjølve. Landet vårt og venene våre har òg del i oss. No er det tid for å bruke det vi har lært for å gjere samfunnet betre», siterte han.

Tekst: Elin Nyberg