Årsfest med blikket retta utover

Universitetet si rolle i ein uroleg verdssituasjon, med krig i Europa og med menneskerettar og ytringsfridom under sterkt press i mange land, var hovudtema under markeringa av UiS sin 18-årsdag, i tillegg til doktorkreering og prisdryss.

Published Sist oppdatert

Over 50 doktorander i blå kapper med blomster på en scene
Dei nye doktorane med vitnemål og diplom. (Foto: Kristin Horne, UiS)

Årsfesten hadde òg ein aktuell hovudtalar; Marianne Hafnor Bøe, professor i religionsvitskap ved UiS, er ekspert på islam og feminisme i Iran. Ho følgjer situasjonen i landet tett, og har hjelpt oss her i Norge til å skjøne meir av det som skjer gjennom analysar og kommentarar i alle dei store media.

Bøe starta med å lese diktet «To my sister» av den iranske poeten og filmregissøren Forough Farrokhzad og fortalte korleis ho under eit feltarbeid til Teheran gjennom dette diktet første gong møtte iransk femininisme. Diktet, som oppfordrer kvinner til å reise seg og søke sin rett, var nemleg inspirasjonen til Taleh, Bøe sin guide til byen, i ein vanskeleg kvardag som kvinne.

Professoren forklarte bakgrunnen for at iranske kvinner klipper av seg håret i protest mot det som skjer. Dette er ein protestform som går langt tilbake i iransk kultur og er skrive om i eit nasjonalepos frå 1000-talet.

Det nye som skjer i Iran no, sa Bøe, er at kvinnekamp for første gong er det førande i motstanden og protesten mot  regimet. Men dei som demonstrerer risikerer mye:

– Studentar, til og med barn, blir brutalt angripne og drepne for å krevje fridom og demokratiske rettar. Universiteta er under streng kontroll av regimet, og professorar og andre tilsette som støttar protestane risikerer òg mye. Mange er difor redde for å vise støtte opent, sa Bøe og peikte på kor viktig det er at vi held fram med å støtte dei som protesterer.

– Men vi må òg halde fram med det vi som universitet gjer best; å studere, forske og undervise det komplekse i desse konfliktane, og korleis kjønn, religion og politikk er vevd inn i kvarandre og påverkar verda vi lever i, sa ho.   

Marianne Hafnor Bøe sette kvinnekamp og opptøyane i Iran og andre land inn i eit større perspektiv. Ho viste til at kontroll av seksualitet og kjønn ikkje er avgrensa til autoritære statar prega av religiøs ekstremisme. Det handlar nemleg ikkje berre om religion.

– Land som Frankrike og Danmark har og innført lover som forbyr bruk av bestemte typar klede. Slike forbod blir og diskutert i Norge med jamne mellomrom, sa ho. 

Les heile talen til professor Marianne Hafnor Bøe.

– Universiteta grunnpilar i demokratibygginga

UiS feirar årsfest rundt den 29. oktober kvart år fordi det var på denne datoen i 2004 det blei vedteke i statsråd at det som då var Høgskulen i Stavanger skulle få universitetsstatus og at Stavanger skulle få Norge sitt femte universitet.   

Rektor Klaus Mohn var òg oppteken av universiteta si rolle i ei uroleg verd da han tala til årsfesten.

– Gjennom kunnskapsproduksjon og open offentleg meiningsbryting er universiteta ein grunnpilar for demokratibygging både heime og ute. Me øver unge menneske i toleranse, kritisk refleksjon og søking etter sanning. Slik medverkar me til å utvikle ytringsrommet og bygge tillit, som mange reknar som sjølve limet i eit demokrati, sa Mohn.

I talen trakk han fram forskarar som har utmerkt seg og sett avtrykk i den seinaste tida.

Som dagens hovudtalar professor Marianne Hafnor Bøe som rektor peika på har opplyst det offentlege ordskiftet gjennom viktig og nyttig innsikt om tilhøva i Iran.

Han trakk òg fram historieprofessor Marie Smith-Solbakken.

– På modig vis har ho løfta fram dei pårørande sine forteljingar om «Kielland-ulykka», og grave fram ny innsikt rundt den offisielle fortellinga, sa rektor.

Mohn trakk òg fram Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim som nyleg blei valt til nestleiar for Akademiet for yngre forskarar, der fem forskarar frå Universitetet i Stavanger er oppnemnt i år.

– Det tydar på at me forsyner den akademiske verda med særs flinke forskartalent, sa Mohn.

Rektor nevnte dei to nye sentra, Senter for berekraftig utnytting av energiressursar og Greenhouse, eit forskingssenter for miljøhumaniora, som reflekterer UiS si satsing på grøn omstilling.

Mohn kommenterte òg regjeringa sitt forslag om at studentar frå land utanfor EU og EØS skal betale for å studere i Norge.

– Ei slik endring vil føre til kraftig nedgang i den internasjonale søkinga til UiS, og døra blir stengt for studentar frå fattige land. Samstundes vil nærings- og arbeidslivet gå glipp av viktig og verdifull kompetanse, sa rektor.

Les heile talen til rektor.

Prisar til pasienttryggleik og vindsimulering og til ein unik inspirator

Tre prisar blei delt ut på årsfesten. 

Lyse sin forskingspris for 2021 gjekk til professor Siri Wiig, ein pilar i fagmiljøet innan pasienttryggleik ved UiS. Wiig fekk prisen for å ha bidratt til ei ny og betre forståing av kvalitet og tryggleik i helsetenesta.

SR-Bank sin innovasjonspris for 2021 gjekk til Knut Erik Teigen Giljarhus, førsteamanuensis i numerisk fluiddynamikk ved UiS, for ein uvanleg evne til å konkretisere forskingsresultat i patent og for å ha etablert selskap som har tatt forskinga vidare.

Utdannings- og læringsmiljøprisen for 2022 gjekk til professor Eirik Bjorheim Abrahamsen ved UiS for hans årelange arbeid og engasjement i undervisings- og utdanningskvalitet, og ikkje minst for engasjementet han har for studentane sitt læringsmiljø.

Nye doktorar 

På årsfesten ble det delt ut vitnemål og diplom til dei 61 kandidatane som har disputert sidan forrige årsfest. 

Åtte av kandidatane var frå Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora: Olaug Strand, Cecilie Waallann Brown, Ragnhild Lenes, Morten Øveraas, Anders Otterbech Jølbo Myrset, James Jacob Thomson, Gølin Kaurin Nilsen, Maren Stahl Lerang, Maren Stabel Tvedt, Lene Vestad og Anne Mette Færøyvik Karlsen.

Ti av kandidatane var frå Det samfunnsvitskaplege fakultet: Håvard Haugstvedt, Marina Snipsøyr Sletten, Maria Gussgard Volckmar-Eeg, Ayan Handulle, Arve Lerum, Hans Erik Haugvaldstad, Boshra Hejraty Namin, Marte Tonning Otterlei, Gurli Olsen og Ida Holth Mathiesen.  

Ein kandidat var frå Arkeologisk museum: Lise Johnsen.

Fire av kandidatane var frå Handelshøgskulen ved UiS: Murshid M. Ali, Andreas Østbø Fidjeland, Nur Yaldiz og Maximiliaan Willem Pierre Thijssen.

11 av kandidatane var frå Det helsevitskaplege fakultet: Estomih Raphael Mduma, Kari Holte, Stefan Malmqvist, Torunn Beate Johannessen, Terese Johannessen, Stig Bjønness, Daniel Limi Cacic, Neda S. Hashemi, Álvaro Fernández Quílez, Oddveig Reiersdal Aaberg og Kristin Jørstad Fredriksen.

24 kandidatar var frå Det teknisk-naturvitskaplege fakultet: Huong Lan Huynh, Chavin Naotunna, Hassan Gholami, Jørgen Apeland, Abdelnour Alhourani, Marianne Bore Haarr, Espen Engtrø, Rune Wetteland, Tia Renee Tidwell, Vebjørn Kvikstad, Nicolò Daniotti, Helge Nordal, Vebjørn Eikemo, Mohammadreza Kamali, Hui Cheng, Stian Penev Ramsnes, Anissa Sukma Safitri, Tora Aasland, Micheal Babatunde Oguntola, Rituka Jaiswal, Marek Jan Janocha, Abhijit Bhat Kademane, Fredrik Bjørheim og Katja Håheim.

Takk frå doktorane

Maximiliaan Willem Pierre Thijssen heldt takketale på vegne av dei nye doktorane. Han ga tilhøyrarane eit innblikk i tankane mange har på vegen mot disputasen. «Kva om eg ikkje lukkast?», «Er teorien min for søkt?», «Kva om han ikkje held?», «Er ein doktorgrad kan hende for vanskeleg for meg?».

– Men – så viste det seg at me greide det likevel! Me meistra utfordringane! Me vant over kjensla av å vere usikre. Takka vere oss sjølve og vår eiga styrke og vilje – men ikkje minst takka vere folka som har hjulpe oss på vegen og som har forma oss til dei personane me har blitt gjennom desse åra, både sosialt og akademisk, sa Thiessen som ga sine meddoktorar eit ord frå den romerske politikaren Cicero og «Om pliktane» med på vegen:

–  «Me er ikkje født berre for oss sjølve. Landet vårt og venene våre har òg del i oss. No er det tid for å bruke det vi har lært for å gjere samfunnet betre», siterte han.

Studentsong frå 1200-talet og jazz

Årsfesten bydde òg på god underhaldning av den musikalske sorten.

Ein jazztrio med studenter frå Fakultet for utøvande kunstfag med Maren Resell Sørheim på vokal, Martinius Mentzen på gitar og Nikolai Lyngra på bass spelte jazzstandardene Thou Swell og Don’t Get Around Much Anymore.

Stavanger studentsongforening, under leiing av dirigent  Åsta Willumsen Sirnes, fremførte «Famine song» og «Trilo».

Til sist song koret den klassiske studentsongen «Gaudeamus Igitur» - «La oss glede oss mens vi er unge». Songen har røter heilt tilbake til 1200-talet og er òg kjent under tittelen «De brevitate vitae» - «Livet er forgjengeleg».

Tekst: Elin Nyberg